Sommaren 2014

IMG_5053IMG_5039

Den sommaren her vil gå inn i historia som heilt fantastisk. Først om fremst været, men eg har også fått oppleve så masse forskjellig :)

I slutten av juni var vi på treningssamling på Voss. Eit ganske nytt skiskytteranlegg og ny rulleskiløype gjorde at vi hadde ei super samling. I tillegg var det Ekstremtsportveko på Voss når vi var der, og då var vi så heldige å få prøve rafting!

I tillegg måtte eg og Emil utfordre oss sjølv endå litt til, så då gjekk turen til ein badeplass der vi fikk hoppa frå 13 m. Ny rekord for oss begge og stolt som en hane!

Etter samlinga gjekk turen til Stryn. Fortsatt masse trening som sto i fokus, men det er alltid godt å komme heim til familien og gode gamle klassekameratar. Kilovis med nyplukka jordbær og bringebær og nybaka brød frå mamma gjekk ned på høgkant. Og ein dag var eg og Johannes og testa ut Via Ferrata i Loen, som er ei spennande klatrerute i fjellet. Sjekk ut den hengebrua vi måtte over :)