4. mars 2014 Tarjei

Dyret har ikkje gått i hi!

20130228-057_4759912a

 

OL blei ikkje som eg hadde tenkt. Eg hadde planlagt å vere i toppform, men formen var der ikkje. Eg sleit med å takle utfordringane med løp på 1500 moh. Skuffa? Ja klart eg er skuffa. Men etter å ha vært heime i Norge ei vekes tid og fått OL litt på avstand så har det bygd seg opp ei enorm revansjelyst. Eg kan love deg at dyret ikkje har gått i hi! Om 4 år er det eit nytt OL, og skuffelsen i Sochi har gjort at eg er meir motivert enn nokon gang for å slå tilbake i neste OL med gull. Eg har slått tilbake før!

Etter ei veke i Norge reiste eg igjen i går. No er vi  på plass i Pokljuka i Slovenia for ein ny verdenscuprunde til helga. Det er sprint på torsdag, jaktstart på lørdag og fellesstart på søndag. Eg har tatt med meg det gode løpet eg gjorde på stafetten i OL, så eg ser framover og går for gode resultat i dei siste tre verdenscuprundane. Etter denne helga går reisa vidare til Kontiolahti i Finland, der det er VM neste sesong. Og så avsluttar vi på heimebane i Holmenkollen!

Tarjei