16. desember 2013 Tarjei

Høgdeopphold før jul !

bilde 1

 

Etter to helgar med verdenscup så reiste eg rett til Seiser Alm på høgdeopphold. Etter harde konkurransar følast det som ferie å gå rolige skiturar i det landskapet her 🙂

Første verdenscuphelga i Østersund var katastrofe for min del. Det starta bra med andreplass på mix-stafetten, men dei individuelle konkurransane var altfor dårlige. Eg sleit med å mestre den sterke vinden på standplass, så der fikk eg meg ein vekker!

Helga etter var det nye sjansar i Hochfilzen, og det blei ein opptur. 4. plass på sprinten, 3. plass på jaktstarten og 1. plass på stafetten. Skytinga var endelig tilbake der den skal vere, og i løypa gikk det bedre og bedre for kvart løp. Så då reiste eg på høgdeopphold med ein god følelse i kroppen! Foreløpig går formoppkøyringa mot OL perfekt 🙂

Etter ei veke i Seiser Alm har vi no forflytta oss til Anterselva. I Seiser Alm hadde vi ikkje skytebane, men no er vi på plass i skiskyttermekka. Så dei neste dagane blir det ein del økter på ski med skyting. Det ser eg fram til!